Dag 6 – PR- stunt og isolasjon

DSC09218

Siste planlegging før PR-stunt!

I dag var det liv allereie 03:50. Då måtte Markus avstad for å hente lysbordet som kom med Hurtigruta. Resten av folket begynte å bevege på seg i åtte tida og halv ni var det frukost, med stor matpakkesmøring. Alt vart rydda, bord sat på plass og kjøkkenet skrubba, for i dag er det kafé på Alveland. Phillip, Markus, Mathias, Amanda og Jaran dro til fyret for å rigge, mens resten vart igjen for å forberede og gjennomføre PR-stuntet.

PR-stuntet gjekk kjempefint! Kafeen var full og undringa stor då vi satte i gang. Eit nermast undersjøisk bilete vart skapt ved hjelp av ulike lydeffektar, og fortelljingar om besteforeldre vart ivrig formidla til kafébesøket. Stuntet vart veldig positivt mottatt og det ser ut til at interessa rundt Fresnel har økt!

På planen stod kvalsafari, men i dag var det for mykje vind… så det vart ingen kvalsafari i dag heller.

Vi gjekk og shoppa inn mat. Og det er svoltne folk vi har med å gjere. Lokalbutikken er overlykkeleg over alt vi kjøper, og Nikoline er lettere nervøs og tør ikkje lenger sjå på matbudsjettet.

Fyrtårngjengen fekk rigga ein god del, og så bar det i veg mot hytta, UTAN mobil og klokke! På bilturen vart det snakka om det meste, Amanda samenlikna hestar med avatarar, vi køyrte forbi stadene ”Å” og ”Bø”, ein lamafarm, vi diskuterte alzheimers og såg ei havørn på ein stein. Vi prata så mykjee, at vi plutseleg var halvvegs rundt øya, og langt forbi avkjøyringa vi eigentleg skulle ta av på.

DSC09239Vi fann riktig avkjøyring og fortsatte praten. Ein ny avkjøring viste seg, Nikoline forsikra oss om at vi ikkje skulle inn der, noko ho raskt angra på, og etter litt rygging og styr kom vi oss inn på riktig veg og nådde hytta. Eller huset, designhytte kan ein ihvertfall si! Der vart vi møtt av endå ein gjeng av Nikolines hyggelege familie .

Vi lagde oss deileg grillmat til middag, og åt resten av ostekaka vår.
Ein quizrunde var på sin plass, før vi skulle idémyldre. Mange spannande ideer kom fram.
Etter effektiv idemyldring hadde bestemor Astrid noko å by på, ho hadde bestilt tur til Farmen for oss alle.

DSC09272

Dei hadde nettopp spreidd gjødsel på Farmen

Farmen er eit badstusted, med fleire ulike formar for badstuar. Vi brukte vedfyrt og elektrisk. Der var ein bekk i midten som du kunne avkjøle deg i. Vi bada og svetta saman, og smurte kvarandre inn i bodyscrub. Her blir vi kjent på nye måtar! Vi var der lenge, fekk kaker og frukt, men kor lenge vi var der er det berre Nikoline som har klokke som veit.
Det var Quiz og småsnakk om kvelden. Mathias vart lettere sjokkert over «skuret» han skulle sove i, men etter at liggeunderlaget vart erstatta med ein litt tjukkare madrass kom han seg i seng. Og det gjorde vi andre og, for ifølge Nikoline var det visst seint.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Lina

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: