”God morgon! I dag er det kvalsafari!”, eit lite stønn kjem frå romkamerat Markus før han snur seg over på andre sida og prøver å sove igjen. Eg vert liggande, eg klarar ikkje sove. I dag skal eg få sjå kval!
Berre tanken på å få sjå desse majestetiske, svære dyra på nært hold har surra i hovudet mitt heilt sidan naturfaglæraren min i 10.klasse dro på ferie til Vesterålen for å symje med spekkhoggarar. Og endeleg, no er det min tur!
Vi tassla oss til frukost etter å ha fått sove heilt til kl.10!Etter frukost drog Phillip og Markus til fyret for å rigge, mens Nikoline og Amanda dro for å møte Jaran, det siste tilskotet til prosjektet, på flyplassen. Det viste seg å vere bomtur, då Nikoline hadde sett på når Jaran mellomlanda i Bodø og ikkje på Andøya, så det vart to turar på flyplassen for velkomskomiteen i dag. Vi som vart igjen på Alveland fekk i oppdrag å forberede PR-stuntet vi skal ha her på Alveland i morgon. Vi satt oss opp på såpeloftet og lot oss inspirere av dei erfaringane vi har samla oss i løpet av opphaldet her. Vi bruker lyder frå i går, og set det saman med tekster vi har skrevet. Dette skal gjennomførast i morgon for å få litt ekstra snakk rundt prosjektet.
Så var det pizza til middag. Middag kl.13, men pizzaen var såpass god at det ikkje vart så vanskeleg å ete sjølv om det ikkje var så lenge sidan frukost. Tusen takk for god pizza Rita! Med middag i magen, og høge forventningar, skrudde vi på «Moddi» etterfulgt av «Ola Bremnes» og tura i veg mot Andenes og kvalmuseet. Der fekk vi omvisning på museet, guida tur, og fekk bl.a. vite at ein spermkval (les meir her) har 2m langt kjønnsorgan, at den må ete 1tonn mat for dagen, og at den kan dykke ned til 3000 meters dyp og oppdage mat på 16km avstand ved hjelp av sitt avanserte lydbølgesystem.
Vi hadde alle dopa oss ned på sjøsjuketablettar, og var klare for havet og kvalar då vi fekk den triste beskjeden om at det var for mykje tåke. Eit sukk gjekk gjennom forsamlinga, men vi prøvar igjen i morgon. Då er det forhåpentlegvis mindre tåke! ”Slik er det på Andøya” sa Nikoline, og vi kom vel på ein måte til den trøsten at jo, det er fint vi får kjenne på verkreftene når vi er her også, og korleis livet på Andøya er, kanskje mesteparten av tida.
Halvt neddopa av sjøsjuketablettar vakla vi oss oppover i fyret, der Markus og Phillip viste oss kor langt dei har kome med rigginga. Og imponerande var det! Berre tanken på at dei har fått alle dei store tinga opp vindeltrappa fleire etasjar er vanskeleg å førestille seg. Det ser ut til å bli ein innstalasjon i kvart rom, med ulike tema som kan knyttast opp til fyret. Dette lovar bra! På toppen blåste det kraftig, og vi fekk litt liv i oss igjen og gløymte for ei stund kor neddopa vi var. Bhkie haldt eit flott ”ord for dagen” i fyret, om det å ta vare på kvarandre, og det å ha nokon å stole
på. Ein fin påminnar i tida vi no går inn i med mykje jobbing og stress.
På veg heimover kikka sjøsjuketablettane inn på fleire, og då vi kom til Alveland sovna dei fleste etter å ha vore ein kort snopetur i butikken.
Stuntet vart ferdigstilt på kvelden, og mens det såkalla ”Osloregnet” hølja ned, gjekk gjengen til ro, med håp om mindre tåke og nye opplevingar i morgon.
Lina